Arbeidet med tuntrea på Dønhaug, – felling, kapping og kløyving er sluttført. Toalt vart resultatet 20 paller som utgjer 10 mål ved. Då står det att 3 – 4 meter stamme som ikkje er gjort noko med enno. På uskedalen.no har vi før skrive om trefelling av gamle tre, både på Dønhaug og på Eik.

3 – 4 meter av stamma står enno att.

Bakgrunnen for trefellinga var den høge alderen. Greiner og rotvelte i sterk vind var ein fare for husa på tunet. Det som var Dønhaug Gardsbarnehage og som no vert ombygd til bustadhus, ligg tett ved. Med kranbil og korg vart lønnetrea skorne ned bit for bit.

Kva treslag er dette, spør du. Sist skreiv vi bøk. Rett treslag skal vera lønn.

Med kranbil og korg vart lønnetrea skorne ned bit for bit.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal