Det går mot ei løysing på arbeidet med å vare på og restaurera Bygdetunet Rød i Uskedalen. Handverkar Trygve Øvstebø frå Åkra er tildelt jobben som mellom anna går ut på å leggja nytt tak på våningshuset. Prosjektet er finansiert med ei løyving i budsjettet for 2023 på 1 mill. kr. Noko av restaureinga er alt gjort. Dugnadsgruppa har sett i stand taket på stallen, eit av uthusa i tunet. Den same gruppa har også sagt seg viliig til å få på plass nytt slåk til kverna. Trygve Øvstebø er kjend som ein dyktig museumshandverkar. Han har før hatt mange krevjande oppdrag innan kulturminnefeltet. På arbeidet på Rødtunet skal han ha med seg broren Jan, som bur i Korsneset byggefelt, og Jon Sigvald Tjelmeland. Arbeidet vil venteleg ta til i september. Det er Kvinnheringen som melder på nettsida i dag.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal