Trygve Haugland, fødd 1928, er kjend for songrøysta si. Han har hatt mange oppdrag som forsongar og ei tid var han den djupe gode bassen i blandakoret Røysterett for Alle. Alt som elev på Haugland skule merka lærar Haugland seg Trygve si gode stemme. Den gongen var det mykje song i skulen og mange av tekstane sit spikra. I dag tok han oppgåva på strak arm då Rustne Menn spurde om han ville leia allsongen på Kafe Tiaren. Det var ikkje noko problem. I god tid før klokka 11 møtte 95 åringen til øving. Tekstane var Draumen av fred, omsett til nynorsk av Ivar Medås, og Trubadurvise av Einar Skjæraasen. Trygve har litt problem med synet på det eine auga. Difor likar han best stor skrift. Kafegjestene likte det dei fekk høyra og alle var fulle av lovord etter framføringa. Sigrun og Trygve Haugland er faste gjester på Tiaren kvar tysdag kl. 11.00.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland