
Tryggleik og sikkerhet er ei prioritert oppgåve på Festidalen.
På frivilligsamlinga vart det også informert om sikkerhet og tryggleik. Politiet, brannvernet og Røde Kors var med på samlinga. Alle etatane vil at gjestene skal trivast og kosa seg. Alle frivillige på jobb må vera merksame på at det kan skje uønska hendingar når mange menneske er samla på eit festivalområde.
- Politiet vil ha mannskap og to bilar i område. Knut Olav Myklebust frå Politiet understrekar styrken ved at ein er mentalt førebudd om noko hender. Vaktene skal ikkje gripa inn, men melda frå til Securitas og/eller politiet. Vaktene har ei oppgåve i å skapa trivsel og evt. dempa tonen. Det er innført generell bevæpning i landet.
- Brannvernet v/ Blokhus informerte om at brannstasjonen i Uskedalen er bemanna begge kveldane, klar for utrykning dersom alarmen går.
- Vektarselskap har ansvaret for ro og orden.
- Røde Kors ivaretek helse.
Med dette kan alle føla seg trygge og sjå fram til trivelege festivaldagar i Uskedalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal