Bygdevandringa i går med postpensjonistar frå Sunnhordland gjekk med buss. Det var lagt inn stopp mellom anna på skulemuseet, Fjellandsbø, Friheim gardsmat, Elins Matgleder og Beinavikjo. Det er truleg fyrste gongen det har vore stor TIDE buss langs Fjellandsbøvatnet og fram til Brustøl like ved tunet. Det vart gjort for å letta tilskomsten for dei med krykker eller rullator. Torger Øye var sjåfør. Turleiar Kristian Bringedal var grindagut. På det smalaste var det om lag 5 cm klaring gjennom dei to portane. Vegen er opprusta og har før vore brukt av store anleggsmaskinar. Det er to ferister og med presisjonskøyring i sakte fart let dette seg gjennomføra. Postpensjonistane gjekk ein rundtur, og fekk sjå tunet på Fjellandsbø, opp gamlevegen og ned den nye. I mellomtida var bussen snudd og klar for retur ned dalen.

Det er truleg fyrste gongen det har vore stor TIDE buss til Brustøl på Fjellandsbø.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal