Trio Taffel og Rustne Menn er to musikkgrupper med redusert bemanning for tida. Då kjem det vel med at ein finn fram til eit samarbeid dette vårhalvåret. I dag stod gruppa fram med allsongprogram slik det plar vera på Kafe Tiaren den siste tysdagen i månaden.

Tor Bjelland frå Halsnøy er kjend for mange, frå tidlegare yrkesliv og særleg som bassist i uike bandgrupper gjennom mange år. I skuletida si i Øystse på 1960 talet var han bassist i dansebandet Jubelgutta frå Uskedalen. Hans Gertz kjenner vi frå arbeidet som urmakar og optikar på Husnes. Mange har dessutan merka seg Hans som ein god forteljar og formidlar.

Den ” nye” gruppa prøver å finna ei musikkform som fungerer. Det tek litt tid, men ut frå øvinga og framføringa i dag, lovar det godt. Desse er med:

  • Tor Bjelland: Bass
  • Hans Gertz: Munnspel
  • Svein Rimestad: Gitar/vokaL
  • Kristian Bringedal: Trekkspel/vokal

Det er fast øving i gruppa kvar tysdag. Neste oppdrag er Halsnøytunet 12. mars.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland