Caroline Holmedal Saghaug frå Frisklivssentralen i kommunen gjesta trimgruppa i Uskedal helselag måndag i denne veka med informasjon kva ein kan gjera for å letta butilhøva for eldre. Målet er å leggja til rette for tiltak som gjer at ein kan bu lengst mogeleg i eigen heim, og det med god livskvalitet. Caroline Holmedal Saghaug sitt tilbod vert også kalla førebyggjande heimebesøk, eit gratis og frivillig tilbod til heimebuande eldre.

Ikkje noko å sei på innsatsen i trimgruppa for vaksne, i regi av Uskedal helselag.

Det er viktig å har ein plan for alderdomen. På møte i trimgruppa var ein mellom anna innom :

  • Bruk av alarm, anten i kommunal eller privat regi
  • Tilrettelegging av bustad
  • Kosthald
  • Brannførebyggjande tiltak
  • Fallførebygging
  • Sosial kontakt
  • God fysisk og psykisk helse

Caroline fekk vera med på måndagens trim, ein times tid med balanse- og styrkeøvingar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal