
Trimgruppa i Helselaget fekk nyttig informasjon om butilhøve og livskvalitet.
Caroline Holmedal Saghaug frå Frisklivssentralen i kommunen gjesta trimgruppa i Uskedal helselag måndag i denne veka med informasjon kva ein kan gjera for å letta butilhøva for eldre. Målet er å leggja til rette for tiltak som gjer at ein kan bu lengst mogeleg i eigen heim, og det med god livskvalitet. Caroline Holmedal Saghaug sitt tilbod vert også kalla førebyggjande heimebesøk, eit gratis og frivillig tilbod til heimebuande eldre.

Det er viktig å har ein plan for alderdomen. På møte i trimgruppa var ein mellom anna innom :
- Bruk av alarm, anten i kommunal eller privat regi
- Tilrettelegging av bustad
- Kosthald
- Brannførebyggjande tiltak
- Fallførebygging
- Sosial kontakt
- God fysisk og psykisk helse
Caroline fekk vera med på måndagens trim, ein times tid med balanse- og styrkeøvingar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal