Tidlegare var det 3 kyrkjelydsblad i Kvinnherad: Over Fjorden, Kva hender i Fjelberg og Eid sokn og Kyrkjelydsbladet. Dei siste åra har det berre vore Kyrkjelydsbladet som har kome ut. Bladet vart starta som eit blad for Husnes og Holmedal sokn, seinare har også Fjelberg og Eid sokn og Uskedal sokn komne til. Det har kome fram ynskje om eit felles kyrkjelydsblad for alle soknene. Det vart også drøfta etter Bispevisitasen i 2018.

Ein har drøfta ressursbruk opp mot kva behov det er for eit blad. Kanskje ein når vel så langt ut med eit samarbeid med lokalavisene kombinert med digitale løysingar som heimesida til kyrkja og Facebook.Om bladet skal vera liv laga i åra framover må tiltaket ha solid støtte og ein må pårekna hjelp med skriving.

Fellesrådet har drøfta framlegget om eit felles kyrkjelydsblad for heile kommunen og bed medlemene ta saka vidare til sine sokneråd.Tilbakemeldingar frå sokneråda vert lagt til grunn for det vidare arbeidet.

Spørsmåla sokneråda må ta stilling til, er mellom anna:

  • Korleis ser de for dykk at arbeidet med bladet vert administrert?
  • Korleis deler ein det økonomiske ansvaret for bladet?
  • Kva kan sokneråda bidra med av innsats, både redaksjonelt og økonomisk?
  • Kor ofte burde bladet koma ut? Kva vil vera målsetjing og innhald?
  • Dersom de ikkje ynskjer å gå for eit felles kyrkjelydsblad for heile kommunen, korleis kan ein nå ut til folk via andre kanalar, til dømes ved meir bruk av lokalavisene Grenda og Kvinnheringen

Innspel og merknader skal sendast til Kyrkjekontoret v/ kyrkjeverje. Uskedal sokn vil ta saka opp til drøfting på det fyrste soknerådsmøte i 2021.

Tekst: Henta og redigert frå saka
Foto/nett: Kristian Bringedal