Har du høve til å hjelpa? I år vert Heio-cup arrangert siste helga i mai, nærare bestemt søndag 26. mai, og fotballgruppa som syt for arrangementet har sårt behov for hjelp. Årskulla vert stadig mindre, og i år er det berre to fotballag i Uskedalen. Det betyr færre hender som kan hjelpa og få ting gjort. Difor vender me oss til dykk kjære sambygdingar. Nedanfor finn de ei liste over ting me treng hjelp til, og dersom du tenkjer at «dette er noko eg kunne gjort», så ta kontakt med oss i fotballstyret og gje beskjed.


Dette har me behov for:
 Parkeringsvakter
 Folk til å montera/demontera banane
 Fair Play-vakter
 Transport av mål
 Vaffelrøra
Me vert svært takksame for alle hjelpande hender.
Med beste helsing fotballstyret v/
Kristine Tveit – Tlf. 91709970
Tina Skår – Tlf. 97117487
Karoline Gjerde Eik – Tlf. 93842527

Tekst: Karoline Gjerde Eik
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal