Situasjonen med frivillige til Festidalen ser no ganske bra ut, men det trengst framleis fleire. Lene Gjuvsland Skjelnes fortel at det er spesielt behov for folk til nedrigging av scenen natt til søndag. Arbeidet vil føregå frå kl.01 til kl.04. Lene fortel at det trengst minst 6 personar der ein av dei har truckførarbevis. Det er også eit sjølvsagt krav at dei er edru.
Representantar frå dei som leiger ut scenen, vil leia og organisera arbeidet.
Festidalen håper det det er frivillige som stiller sporty opp, og dei kan melda frå til Lene Gjuvsland Skjelnes (468 26 785) eller Ann-Kristin Fausk (997 56 743). Då blir dei ekstra glade!!

tid