Styringsgruppa og komiteleiarane for 17. mai har hatt møte i kveld. Dersom ein skal gjennommføra programmet slik det har vore dei siste åra, treng ein fleire frivillige. Per Korsvold i Styringsgruppa bed om at folk melder seg. Alt no ser 17. mai komiteen at ein truleg må leggja opp til eit forenkla program. Det kan til dømes gå på dette med mat og program i Aktivitetshuset. I fjor vart det ikkje servert rømmegraut, noko mange sakna. Målet i år er likevel å skapa ei fin ramme rundt aktivitetane for born og unge. Hiv deg rundt. Meld deg som frivillig. Ring 481 60 803.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal