Gamle bøke- og eiketre med stort vindfang er eller vert felte i desse dagar, både på Eik og på Dønhaug. Eiketreet på Eik stod på det som var ein trekant mellom fylkesvegen og Eikevegen. Ved sterk vind var treet til fare for både hus, linjer og køyrande på fylkesvegen og i Eikevegen. Øyvind Hatteberg med lift var på plassen og sikra at treet var felt på ein trygg måte. Antal åringar syner at eiketreet på Eik var godt over 100 år gamalt.

Eikjo på Eik klargjering
Grein for grein til det berre er rota igjen.

Arbeidet med å fella to bøketre på bruk 1, Dønhaug, er starta. Det er tuntre frå gamal tid. Med den høge alderen toler trea lite i sterk vind. Husa på tunet ligg tett ved, det som var Dønhaug Gardsbarnehag og som no vert ombygd til bustadhus.

Her må ein ikkje ha høgdeskrekk, nei.

Med kranbil og korg vert trea skorne ned bit for bit. Innan utgangen av dagen er truleg det eine treet nedskore. Seinare i neste veke er turen komen til neste bøketre. Den nye eigaren, Lyngnes, har tilgang til kranbil. Han gjer sjølv jobben med trefellinga.

Gamle bøketre må gje tapt, mellom anna for å sikra husa mot skade i sterk vind.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Gunnbjørg Eik