Kommunevallista til Industri- og Næringspartiet ( INP ) er så langt klar. Det kan rett nok gjerast endringar fram til innlevering 31. mars kl. 12.00. På lista finn vi tre personar frå Uskedalen, alle profilerte og kjende personar. Det nyskipa paritet INP har vind i segla og slik det ser ut i dag, kan partiet koma inn med fleire representantar i kommunestyret. Jostein Rødland frå Ølve toppar lista. Han er den einaste kumulerte på lista. Les meir om dei tre listekandidatane frå Uskedalen:

Nr.5: Thomas Eide, f. 1976, jfr. bilete. Thomas har jobba innan faget VVS, både offshore og på land. Eide har mellom anna interesse for naturvern og har markert seg i saka om vindkraft i Kvinnherad

Nr. 10: Trond Lekva Myklebust, f. 1972. Trond driv med eigedom, sanddrift og transport. Han er leiar i Uskedalen Elveforvaltning og har tidlegare vore aktiv i drifta av Uskedal Båtlag. Han er også med i TRIO si symjegruppe.

Nr. 12: Esben Zimmer, f. 1964. Esben er elektroingeniør og har arbeidet sitt i industrinæringa. Zimmer kjenner mange frå vindkraftsaka med sitt klare nei til vindkraft i Kvinnherad.

Eit anna kjend namn for mange i Uskedalen, er Heidi Bolette Jakobsen. Heidi har vore busett i Uskedalen og har relasjonar til bygda.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal