I dag er det montert nytt busskur i bussslomma ved nedkøyrsla til Uskedal skule. Fylkeskommunen er oppdragsgjevar. MESTA er utførande entreprenør. Venteskuret er om lag dobbelt så stort som det gamle, noko som førte til at ein trong eit utvida fundament. Kanbil frå Hjelmeland med John Guddal som sjåfør henta skuret på Børnes og fekk det plassert på rett plass.

John Guddal frå Hjelmeland fekk det nye busskuret trygt plassert på forsterka fundament.

Det nye busskuret er eit av tre nye tilsvarande venteskur montert i Uskedalen. Dei to andre, noko mindre, finn du i Korsnes, på begge sider av Fylkesvegen. Dei nye skura har glasvegg og boga tak. Det er benk for dei som treng å sitja mens ein ventar på bussen.

Kva er feil her ?

Stadnamnet som samsvarar med busstoppet er montert på kortveggene. Rett nok er namnet Uskedalen skule skrive feil. Det skal vera Uskedal skule. I dei høve bygdenamnet Uskedalen er knytt opp til ein institusjon, lag eller oganisasjon, skal namnet skrivast i ubunden form. Det heiter difor Uskedal kyrkje, Uskedal skule, Uskedal ungdomslag, Uskedal helselag.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal