Det er travle (og spanande) tider for Røysterett Etter å ha måtta avlysa julekonsertane både i 2020 og 2021 p.g.a. koronatoppar, er Røysterett for Alle, med dirigent Maria Malmsten, no i innspurten. Me reknar med å få
konsertane gjennomførde denne gongen. To øvingshaustar med mykje lært, men diverre utan framføring – og i tillegg nok ein haust med øving – gjer at det har samla seg opp mykje godt stoff å by på. Etter lang tid utan konsertar, og fleire bråstopp, er det klårt koret brenn etter å trø til att.


Laurdag 3.12. kl. 18.00 byrjar det i Ølve kyrkje. Frode Kaldestad akkompagnerer fleire nummer på piano. Gjestekor vert GLIMRAH.
Torsdag 8.12. kl. 19.30 vert det konsert saman med Husnes blandakor i Valen kyrkje. Då kora er så heldige å ha same dirigenten, vert det også nokre fellesnummer. Dette gjer at ein kan oppleva skikkeleg fyldig lyd.

Valekyrkja er eit godt lokale reint akustisk, så her gjeld det å nytta høvet. Pianoakkompagnement vert ved Frode Kaldestad her og. Røysterett kan og høyrast på julekonserten i Uskedalskyrkja 11.12. – men då berre som eitt
innslag av mange.

Tekst: Svein Rimestad
Foto: Plakat 1: Ved Ingvar Pettersen 2. Laga i avisredaksjon
Nett: Kristian Bringedal