Det går slag i slag med konsertar og avslutningar fram mot jul. Mykje er alt gjennomført, slik som julekonserten i kyrkja, lysmarsjen over Skårhaug, songstund på bedehuset og musikklaget sin skumringskonsert ved SPAR. Dessutan var Røysterett for Alle saman med Husnes Blandakor med på Husnes Musikklag sin julekonsert på Kulturhuset Husnes sist sundag. Kyrkjekvartetten ÆRE måtte melda forfall på julekonserten i kyrkja. Dei er med på konsert i Åkra kyrkje komande sundag. Her kjem ein oversikt når det gjeld konsertar og avslutningar vidare i denne veka.

Singing Tweens syng på gudstenesta juleafta kl. 14.00..

Torsdag 19. desember:

  • Juleonsert i Valen kyrkja med mellom anna Røysterett for Alle og Husnes Blandakor
  • Uskedal Musikklag med konsert- og songstund på Rosendalstunet
  • Juleavslutning i klassane på Uskedal skule – gang kring juletre

Fredag 20. desember:

  • Julespel – open framsyning i Aktivitetshuset v/ elevar frå Uskedal skule.

Sundag 22. desember:

  • Julekonsert i Åkra kyrkje med Eva Megyesi, kvartetten ÆRE og Dinu Serfesa ( bratsj ).

Juleafta:

  • Julegudsteneste i Uskedal kyrkje med innslag av Singing Tweens

Juledag:

  • Jueldagsmøte på Bedehuset ( kl. 11 )

Meld frå dersom noko er utelate. Julefestar og andre arrangement i romjula kjem som eigne innlegg seinare.

Uskedal musikklag med song- og musikkprogram på Rosendalstunet torsdag i denne veka.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto
Kvartetten ÆRE syng på julekonsert i Åkra kyrkja komande sundag.