Travelt for kor og dirigent på 17. mai.
Koret Røysterett for Alle legg opp til ein hyperaktiv dag på 17. mai med heile fire framføringar i fire ulike bygder. Etter gudstenesta i Uskedalen kl. 11.15 går turen til Herøysundet med minikonsert ute i skuletunet. Neste oppdrag er Åkra, men på turen dit legg ein like godt ei framføring i Matre. Det er som ein turne på sjølvaste nasjonaldagen. Men: For dirigenten deira, Maria Malmsten, er ikkje dette nok. I ei ledig økt hiv ho seg i bilen og køyrer til Husnes og Sunde. Der dirigerer ho Husnes Blandakor. God 17. mai og lukka til med songen i mange bygder.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal