Travel dag for Uskedals-banda.
Bidrog med song og musikk i tre bygder.
I dag er siste tysdagen i denne månaden, og då var Rustne Menn på plass på Kafè Tiaren og spelte og leia allsongen der. Men dei var ikkje åleine om å bidra med song og musikk denne dagen. Samstundes som Rustne Menn var i aksjon på Tiaren, var den aktive gjengen i musikklaget i Herøusund Grendahus og underheldt underheldt på bygdakafèen der. Om ettermiddagen var songkvartetten ÆRE på Rosendalstunet på “Syng med oss”. To av dei rustne mennene, Svein Rimestad og Kristian Bringedal, er også med i ÆRE. Dermed hadde dei det ekstra travelt.
På Kafè Tiaren var det god stemning og god song. Det var også litt meir folk enn normalt. I tillegg til å leia an i allsongen bidrog også Rustne Menn med eige nummer.
På Rosendalstunet song ÆRE to akapellaavdelingar, kvar på tre nummer. I tillegg var det allsong, servering og loddsalg. Desse “Syng med oss”-ettermiddagane blir sett svært stor pris på av både bebuarar og andre gjester. Den 14. mars skal Veteranbandet i musikklaget med forsongar Kristian Bringedal vera gjester med sitt allsongprogram.
Dei populære songstundene på Tiaren og Rosendalstunet er godt innarbeidde. Nytt var det derimot då veteranane i musikklaget gjesta bygdakafèen i Herøysundet. Det var svært godt oppmøte. Det blei sagt rekord, og det måtte både setjast inn ekstra bord og hentast fram ekstra årer til loddsalget. I tillegg til musikarane var også barnehagen inviterte gjester. Saman med resten var dei eit flott publikum under minikonsertavdelinga på sju nummer. På det varierte programmet hadde bandet både musikk dei har framført før samt eit par nye nummer som “Under the boardwalk” og “King of the road”. Den siste var eigentleg ikkje på det oppsette programmet, men etter å ha kjørt den elendige veistrekningen mellon Uskedalen og Herøysundet, måtte den berre med blei det opplyst!
Vertskapet sytte for gode vafler, nydeleg kringle og kaffi, te og saft. I tillegg var det ein kjekk quiz ved Arne Draugsvoll slik at alle fekk trimma hjernecellene. Dei faste gjestene hadde med åregevinstar, og det vart selt store mengder med årer. Underteikna vann både handkrem og sjokolade, og sidemannen vann tre gevinstar, risgraut, bønner og tomater. Både utloddinga og quizen var kjekke innslag som var med og skapte den gode stemninga. I Herøysundet har dei bygdakafè annankvar tirsdag.
Det var ei særs kjekk stund for dei mange som hadde teke turen til Grendahuset i Herøysundet.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Liv S. Eik og Thor Inge Døssland