Det har vore ein travel dag for styret og andre medlemer i Uskedal helselag. I ettermiddag var dei på Syng med oss på Rosendalstunet med heimebakst og servering. Om lag på same tid var det samling i Gamleskulen med pakking av julepakkar til Valen sjukehus,- tilsaman 50 pakkar. Ikkje nok med det. Til jul vert det levert juleblom til alle frå Uskedalen som bur på ein av institusjonane våre. I tillegg kjem blom til alle heimebuande over 90 år.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Jofrid Eik