Tormod Myklebust om Ukrania-hjelpa i podcast.
Høyr podcasten Grendemellom HER.
Grenda sin nye podcast Grendemellom er godt i gang. Nyleg vart den den 4. sendinga sleppt. I program 2 var musikklagsmedlemmene Bjørgulv Eik og Thor Inge Døssland gjester, og i den 3. utgåva var Amalie Røstbø, som hadde ein del av oppveksten sin på Klammeren, gjest. Ho har som kjent overtatt Galleri Guddal. Også i den 4. sendinga var ein uskedeling gjest. Då handla det nemleg om den viktige Ukraina-innsatsen som m.a. Tormod Myklebust har gjort gjennom THK-stiftinga. Under tittelen “Krig, naudhjelp og håp” fekk vi i tillegg til Tormod også møta Sergey Kovalchuk frå mottaksapparatet i Korosten i Ukraina. Han var med på direktelinje og deltok i samtalen på imponerande norsk.
De kan høyra episoden ved å klikka HER.Mottakslageret i Uskedalen er betjent kvar laurdag kl.11-12 fram til og med påskeaftan. Dersom det ikkje høver, kan ein kontakta Tormod Myklebust for levering. Neste hjelpesending går rett etter påske, og Leif Jarle Bergstø og Tormod deler på sjåførjobben.
Nett og skjermdump frå Grenda: Thor Inge Døssland