Det mangla ikkje på stemning og danseglede på Vertshuset Perla i går kveld. Fengjande musikk, god påmelding, enkel meny, god mat og kjapp servering er orda uskedalen.no legg til grunn for ein vellukka pubkveld i nyoppussa restatuarantlokale. Eit frammøte på om lag 80 gjester synte at dette var noko mange hadde sett fram til. Trivselsfaktoren var høg anten ein valde å sitja ved bord eller i salongen.

Eit frammøte mellom 80 og 100 gjester er alle nøgde med.

Tore Nordahl-Perdersen, kjend frå pub- og dansemiljøet på Os, har rett nok debutert før i Uskedalen, i Dønhaugkjedlaren. Det var likevel fyrste gongen han stod fram med eit fullverdig program i tre sett med 60- og 70 talsmusikk der han syng, spelar bass og med bakgrunnsmusikk som komp. Repetoaret er rytmisk og godt eigna for dans, klapping og rørsle. Tilsaman skapest det stemning. Vi er på pub slik vi minnest det for 30 – 40 år sidan.

Elins Matgleder har planar og tankar om programmet for hausten. Vi gler oss og tek TORE MED BASSEN sine ord på alvor: Sjå kva Elin og Geir har fått til med Perla – la oss bruka det !

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Bente Elin B. Nævdal/ Thor Inge Døssland