Toppa helgeturen med å delta i Hjartemarsjen.
Quiz-løypa ligg ute til 15.mai.
Torsdag hadde Uskedal Helselag ein særdeles vellukka aktivitetsdag, og no har dei lagt til rette for at vi kan trimma både hjernen og kroppen. Løypa til den årlege hjartemarsjen er nemleg lagt ut. Den går langs stranda, opp Geilo, over Dønhaug og vidare ned rundt Rabben Feriesenter og båthamna til SPAR. Dette er ein flott tur til vanleg, og no har helselaget lagt ut postar slik at vi også får testa kunnskapen vår. Dette gjer den fine turen ekstra spennande med kjekke utfordringar. Vi oppmodar flest mogeleg om å delta i tilbodet som er gratis. Svara leverer vi etter turen i kvit postkasse på SPAR. Med det nydelege helgeveret som er meldt, må alt liggja til rette for ein kjempestart! Turen eignar seg for å gå i grupper. Som familietur er hjartemarsjen perfekt. Skal vi satsa på rekorddeltaking i år?? Løypa står oppe til 15. mai, og sjølvsagt er det premiering.
La det bli ei folkevandring over Dønhaug med helsegevinst. Trim for hjarte og hjerne!!!
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Jofrid Eik