Tømmerhogsten i Kleivadalen er i full gang. Maskinane har brukt på den gamle Rødsvegen frå Ospleunden byggefelt på ut mot Kleivadalen og Halsatoppen for å koma seg i posisjon. Arbeidet så langt har stort sett vore i utmarka til Magne Huglen. No vil ein ta seg på inn i lia og kjem inn på arealet til Erlend Bjørnebøle og deretter Eldbjørg Sivertsvoll. Totalt skal det takast ut i overkant av 5000 kubikk, båe til skur og slip.

Det vert laga veg for framkomst og utkøyring av tømmeret til velteplass.

Det er 6 grunneigarar på Dønhaug og Myklebust som går saman om dette prosjektet. Ein grunneigar har reservert seg og er ikkje med på hogsten. Det er gjort avtale med Nortømmer om hogst, levering og utskiping. Lokal entreprenør er Hjelmeland Hogst og Service i Omvikedalen. Hogstområde er skilta og ein bed turgåarar vera merksame på å halda avstand til maskinane. Det ligg oppsamla tømmer i velter. Det vert sprengd og laga veg, noko som gjer at det kan koma stein og tømmer på trill.

Skissen syner hogstområde frå Rød mot Kleivadalen og Halsatoppen.

Redaksjonen har alt motteke spørsmål om kva som skjer med den gamle Rødsvegen, eit kulturminne og ein mykje brukt turveg mellom byggefelta Halsane og Ospleunden. Magne Huglen svarar at om lag 100 meter av turvegen vert brukt. Det er rekna inn at ein skal rydda opp og evt. reparera det som vert skada. Saman med Kroka i byggefeltet Ospelunden vert det vurdert ei opprustning av heile turvegen. All transport ut går på vegen til velteplass ytterst i byggefeltet.

Det er god pris på tømmer for tida. Sist uskedalen.no skreiv om prosjektet var snittprisen kr. 420,- pr. kubikk. Prisen til skogeigar ligg på kr. 210,- pr. kubikk. Markedsprisen kan variera noko over tid. Det vert alltid rekna inn ei avgift til Skogfondet, også noko til vegetasjonspleie og opprydding.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal