Tomas Bruvik er 17. mai talaren i Uskedalen. Det vert gjort eit opptak som vert råd å høyra digitalt. Talen vert også framført på Stemneplassen etter oppsett program. Tomas Bruvik synte tidleg interesse for media, lokalaviser og skriving. Han var ein ung skribent i lokalavisene. Alt 28 år gamal var han tilsett som redaktør i Grenda. Det var i året 2000. Bilete syner ein engasjert Bruvik på opninga av GULL AV GRUS mai 2018, her saman med Sigurd Børve.

Etter 4 år der gjekk ferda vidare til Kvinnheingen der han var til 2019, med berre kort avbrot for å prøva andre bransjar. Det meste av tida var han redaktør. Lokalavisene har alltid stått hans hjarta nært, og han har gjort ein stor innsats som styreleiar i Landslaget for lokalaviser. Då stillinga som generalsekretær blei ledig, blei han tilsett i den i 2019. Der jobbar han framleis.

Han er ein svært betydeleg person for lokalavisene i landet, og har vore det i mange år. I tillegg til å meistra det skrivne ord er han også kjekk å høyra på munnleg. Tidlegare har han halde 17.mai tale både i heimbygda Husnes og barndomsbygda Rosendal. Han er også brukt i mange andre samanhengar, mellom anna som debattleiar og speaker på idrettsstemne.

Her i Uskedalen hugsar vi han frå då han losa publikum gjennom opninga av GULL AV GRUS.

Tekst: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal
Foto/nett: Kristian Bringedal