Tolou kuttar opp og blandar saman skandinavisk pop og afrobeats til eit fruktfat ho sjølv kallar Arctic Afropop. Mor frå Noreg og far frå Nigeria har servert ho eit dansande DNA som straks feiar over verda som ein fønvind. Ho er flaska opp på alt av tilgjengeleg musikalsk stimuli; Solist i kor som 10åring, vokalist i metallband som 12åring, før ho erobra scene etter scene saman med Wyclef Jean som den artisten ho no er. Tolou er både terapi og tabasco, trekk deg nært og set fyr på alt av kjensler.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal