To hus tett i tett. Eigarane er begge fans av Liverpool F.C.
Du har sikkert merka deg to hus tett i tett i Halsabrotet med Liverpool sitt klubbflagg ute kvar gong det engelske laget spelar kamp, anten det er heimekamp eller bortekamp. Jostein Røysland og Frank Steinsletten er begge supporter av Liverpool, slik det har vore i heile deira vaksne liv. I nabolaget er det fleire med Liverpool flagg og som markerer kvar gong det er kamp.

Jostein Røysland fortel til uskedalen.no at han har vore Liverpool fan heilt sidan 1970 talet. Vimpelen har vore brukt uansett kor han har budd. I 2011 kjøpte han seg hus i Halsabrotet, vart nabo med Frank Steinsletten. Saman har dei den same fotballinteressa og klubben er Liverpool. Så sant dei er heime, er flagga på plass.
Dei ser på kampane på TV, men dei har også vore i Liverpool, på Anfield stadion. Dersom det høver slik, ser dei kampane saman.

Hamnebyen Liverpool har to topplag. Det er Liverpool F.C på Anfield. Så er det Eventon som spelar heimekampane sine på Goodison Park. Elles er Liverpool kjend for heimplassen til popgruppa The Beatles.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal