Uskedal utvikling vart tildelt to gåver frå SpareBank 1-stifitnga Kvinnherad. Egil Myhre ( sjå bilete ) i styret fortel til uskedalen.no at gåva på kr. 200 000,- skal gå til utskifting av bordkledning på veggen som vender mot sør. Planen var å måla veggen i sommar som var, men tilstanden var for dårlig til det. I tillegg var vindauge rote og spikra igjen. No vil veggen verta isolert og vindtetta, noko den aldri hor vore. Dermed vert huset lunare og ein vil spara straum. Arbeidet er tenkt utført til våren.

Remi Onarheim tek mot gåva til nye leikeapparat på plenen ved Gamleskulen.

Den andre summen på kr. 61 000,- skal nyttast til nye lekeapparater på plenen utanfor Gamleskulen. Apparata, som står i dag, er gamle og i dårleg stand. Dei bør ikkje brukast meir. Difor vert det kjøpt inn nye leikeapparat som kjem på plass i fyrste halvår 2024.

Uskedalen Utvikling ved styret vil retta ei stor takk til SpareBank 1-stiftinga for tildeling av gåver, noko som er viktig for å halda fram lagsaktiviteten i bygdene.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal