To årsmøte i kveld - måndag 13. februar kl. 17 og kl. 19.
Det går slag i slag med årsmøte for tida. Helselaget er ferdige med sitt. I kveld er det Historielaget og Friluftslaget sin tur, kl. 17.00 og kl. 19.00 i møterommet på Stemneplassen. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det orientert om viktge tiltak i åra framover. Når det gjeld Friluftslaget, er det dei ti medlemslaga som møter med kvar sine to utsendingar på årsmøte.Sjå meir under:
- kl. 17.00: Årsmøte i Uskedal Historielag: Årsmelding, rekneskap, val, medlemsskap og årspengar, prosjektplan og informasjon om neste årbok.
- kl. 19.00: Uskedal Friluftslag: Årsmøtesaker, leigeprisar 2023, prosjekt- og vedlikehaldsplan, søknader m.m.
Styret og skriftstyret i Uskedal Historielag vonar på godt frammøte i kveld kl. 17.00. Alle med interesse for lokal historie har stor nytte av å møta fram. Alle kan hjelpa til med noko i arbeidet med å sikra, ta vare på og formidla bygda si soge, munnleg og skriftleg.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Drone - Hans Ordin Østebø