TM anlegg har spesialisert seg på arbeid med betong- og kaifundamentering. Dei siste vekene har TM anlegg hatt arbeidet med reperasjon av mur- og kaifundament hos Uskedalen Brygge i Beinavikjo. Arbeidet omfattar forskaling, armering og støyping i deler av murfundamentet under hovudbygget, det som var telegraf, butikk, bakeri og leileghets- og hybelbygg i Sigurd Arnesen si handelstid med nybygg frå 1951.

Kvinnherad Betong på plass med betongbil og pumpebil.

TM anlegg med Runar Tvedt og Robert Myklebust som bedriftsleiarar har base i Dimmelsvik. Dei har mellom anna tre ulike lektera og ein taubåt for sleping og bukksering, Lekteren er utstyrt med krane og naudsynt utstyr for kaiarbeid over og under vassflata. Dei tek oppdrag i heile kommunen. Før ankomst Uskedalen kom dei frå arbeid på Utåker.

Verksemda leiger inn fagfolk på kvar sine område. Nils Skjelnes, kjend som ein dyktig fagmann på forskaling, armering og betongarbeid, er tilsett i firma TM anlegg.

På veg til nye oppdrag.
Lekter med utstyr til kai i Beinavikjo.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: GunnlaugEik/ Kristian Bringedal