Tjuvfiske er oppdaga.
Elva er no stengd, men open for flogefiske i nedre del.
Ein lesar melder at det i dag blei oppdaga rogn og fiskeavfall ved Gravehølen. Dette skriv seg nok frå tjuvfiske. Lesaren registrerte ein parkert bil der i går kveld. Den kan ha samband med funnet. Det kan også vera ungdommar som har vore der og bada som har fanga fisken, seier han vidare då det også blei funne anna søppel der, mellom anna plastemballasje frå badeutstyr.
Det blir understreka at elva no er stengd for fiske med all reiskap med unntak av floge på grunn av lita vassføring. Det er tillate med flogefiske i sonene Feet, Dønhaug, Myklebust, Døssland og Kjærland.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Tipsar