Historia om Anders Andersson Fet.

Historia starta i år 1800 då Anders vart fødd på Nedre Fet i Uskedalen. Foreldrene var sersjant Anders Tørresson Fet (1763 -) og Else Jonsdotter Fjellandsbøle (1769 – 1848). Anders Tørresson Fet kom frå bruk 2 på Øvre Fet. Av ein eller annan grunn dukka han og kona opp som husmenn på Nedre Fet i 1801. Mest truleg var Else dotter av Jon Kristensson som på den tida var busitjar på Nedre Fet.

Anders hadde fleire sysken, deriblant broren Jon fødd i 1798. I 1826 gifte dei to brørne seg med søstrene Kari Hansdotter Kjerland (1797 – 1845) og Anna Hansdotter Kjerland (1804 – 1873) frå bruk 1 på Kjerland. 

Min tipp-tippoldefar, Hans Olsen Kjerland (1765 – 1864) gav eldste dottera Kari og mannen Anders ein plass dei kunne busetja seg på under Kjerland. Anna og Jon var busett på Nedre Fet som husmenn under plassen Storatræet.

Anders og Kari var flittige folk. Både barneflokken og husdyrflokken auka jamt og trutt. Alt gjekk bra heilt fram til ei stor skredulukka råka plassen. Det var natta til  22. januar 1845.  

Anders var reist på vinterfiske, så han var ikkje heime då skreda gjekk. Regn og mildvêr i kombinasjon med snøsmelting utløyste  eit stort sørpeskred. Morgenbladet som kom ut i Kristiania på den tida skreiv at skredet hadde ei bredde på 120 meter og var 4 meter djup på det største. «Skredet startet ved en Steenrøs, som laa tæt under en steil Afsats i Fjeldet, og forøgedes efterhaanden ved Alt, hva der kunde løses. Jord, Steen og Trær».

Den staden der skredet starta vert den dag i dag kalla «Skreskolten». I dag er den godt dekt av skog.

På sin veg nedetter fjellsida tok skredet med seg alt som var av folk, husdyr og bygningar.                Kari (48 år) og dei 3 borna Anders (13 år), Johanna (12 år) og Else (8 år) mista alle livet denne natta.    I tillegg gjekk heile buskapen med i ulukka.

Då Anders kom heim frå fiske var alt borte, både Kari, alle borna og alt dei eigde av husdyr og bygningar. Han hadde ikkje meir enn nett det han stod og gjekk i, vart det sagt. Som det stod i Morgenbladet den gongen ”Den ulykkelige Mand og Fader, der i eet Øieblik tabte Alt, hvad der var ham kjærest”. Sjølve skredulukka er godt beskriven i siste utgåve av Kvinnherdsminne.

Korleis gjekk det med Anders etter ulukka. Den gongen hadde ein ikkje kriseteam og all mogleg hjelp frå det offentlege. Ein måtte klara seg så godt ein kunne med dei næraste, vener og naboar som hjelp. Plassen vart ikkje bygd opp att.  Anders flytte heim att til Nedre Fet. Han må ha hatt ein sterk vilje og pågangsmot sidan han klarte seg gjennom denne tida. Stort var også tapet for folket på Kjerland, som hadde mista ei dotter og 3 barneborn i løpet av ei natt.

Alt nokre år etter vart Anders gift for 2. gong, då med Anna Gunnarsdotter (1811 – 1881) frå Stord. Saman fekk dei sonen Gunnar (1852 – 1925). Det står skrevet i gards- og ættesoga at Gunnar Andersson Nedre Fet var dreng på Eik i Rosendal, då han kom i lag med nabojenta Kari Johannesdotter Mel (1846 – 1927) frå Tuene, bruk 3 på Mel. Dei vart gift i 1874.

I 1878 flytte dei til garden Meland i Etne og dei tok då med seg foreldra til Gunnar. Anna døyde i 1881 og Anders i 1882. Dei vart begge gravlagde frå Gjerde kyrkje i Etne.

Då foreldra til Gunnar var borte og farsgarden til Kari vart ledig, vende ho og Gunnar attende og busette seg i Tuene på Mel i 1884.

Resten er kjent historie.  I følgje den same gards- og ættesoga vert  Anders og Anna rekna for ætteforeldre til folket i Tuene. Dei har mange etterkommarar rundt om i landet.

Ein av dei er tipp-tippoldebarnet, vår noverande justisminister Emilie Enger Mehl.

Tekst og foto: Hans Reidar Kjærland
Nett: Thor Inge Døssland