
Tinestafetten på skulen i dag.
Tinestafetten er til vanleg ei årleg hending på skulen. To år med korona har det i staden vore Skulestafett, ein variasjon av Tinestafetten. Skuleløpet vart gjennomført i dag, frå klokka 10.00 og utover. Uskedalen.no hadde diverre ikkje høve til å vera med, men vi fekk eit inntrykk under oppvarmnga og ved klargjering og utplassering på postane. Løypa går i sentrum, rundt Neset og Geilo. Seinare i mai skal klassar frå Uskedalen skule konkurrera mot andre skular. Bilete syner elevane før start, kledde i raude TINE teskjorter.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal