Tilsyn i løesaka på Døssland dreg ut - skulle vore gjennomført innan utgangen av juni.
Etter sak i Kontrollkomiteen og Formannsskapet har eit samrøystes kommunestyre pålagt kommunedirektøren gjennomføra tilsyn i det som vert kalla løesaka på Døssland. Bakgrunnen for dette er at administrasjonen skulle ha ført tilsyn i sakshandsaminga tidlegare. Tilsynet skal gjerast fysisk av ein annan kommune eller av ekstern konsulent og gjennomførast innan utgangen av juni månad. To kommunar er til no bedd om å ta denne oppgåva, men har svara nei. Det er Etne og Bømlo. Målet med tilsynet er å vurdera saka på nytt politisk og administrativt for såleis å sjå om bygget er i samsvar med regelverket slik det er fomulert i Plan- og bygningslova §25 – 4. Tilsynet skulle vore gjort innan utgangen av juni månad. Uskedalen.no er ikkje kjend med status i saka.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal