
Tilbod om bruk av styrkerommet i Aktivitetshuset i påsken.
Vi i Uskedal Aktivitetshus ynskjer å gje eit påsketilbod til bruk av styrkerommet vårt. Om det er studentar som er heime på ferie, eller andre som har lyst å trena desse dagane, kan dei no gjera det i styrkerommet i Aktivitetshuset. Tilbodet gjeld frå fredag 22. mars og varer til mandag 1. april og kostar kr 400.- for heile perioden. Ta kontakt på 481 60 803 for informasjon om betaling og nøkkel. God påske!
Tekst: Uskedal Idrettslag Nett: Kristian Bringedal