Styringsgruppa og dei fire nemndene legg opp til 17. mai feiring slik det var før pandemien. Programnemnda hadde møte i kveld og la grunnlaget for gjennomføring av nasjonaldagen i Uskedalen. Det er ynskje om å finna plass til bil- og traktorkortesjen i programmet. Det er truleg berre to alternative løysingar, anten tidleg på dagen før gudstenesta eller etter festprogrammet i Aktivitetshuset. Chris Fossli og Ivar Gundersen er to av medlemene i Styringsgruppa. Bilete på topp syner framsida på 17. maiprogrammet i fjor.

Mange spør: Vert det bil- og traktorkortesje på 17. mai i år ?

Det er fem nemnder i arbeid.

  • Leiknemnd
  • Matnemnd
  • Nemnd for pynting, rigging og rydding
  • Programnemnd

Dersom alt går etter oppsett program, vert dagen gjennomført med om lag dei tidspunkta vi kjenner frå før. Det kan koma nokre mindre juseteringar. Etter salutten kl. 07.oo er det gudsteneste i Uskedal kyrkje kl. 11.15. Deretter går det slag i slag med minnemarkering ved Bautasteinen, folketog til Stemneplassen, anten via Dønhaug eller Båthamna, vidare til skulen og Aktivtitetshuset der det er leikar og festprogram.

Det vert som sagt prøvd å finna plass til den populære køyretykortesjen. Porgramkomiteen kjem tilbake til dette når ein veit meir om den praktiske gjennomføringa.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal