Uskedal Ungdomslag tek normalen tilbake og vil fylla Helgheim med aktivitetar. Nokre datoar er fastlagde og meir vil koma til. Røysterett for Alle har alt teke til med korøvingar kvar torsdag. Bingo er også ein fast aktivitet i ungdomshuset. Lagshytta Fjelly ved Mannsvatnet er klar for utleige og bruk. Les meir kva ungdomslaget legg opp til i 2022.

Anita Enæs, leiar i Uskedal Ungdomslag, ynskjer velkomne til arrangement i Helgjeim.
  • Laurdag 9. april: Dans med Meirso Country Band
  • Laurdag 23. september: Helgheimbasar. Styret tek mot gevinstar både frå private og frå firma.
  • Laurdag 29. oktober: Finn fram lederhosen og dirndl og gå på Oktoberfest
  • Fredag 25. november: Julegraut i Helgheimskjellaren i samband med tenning av julegrana ( med atterhald om at datoen er rett ).
Kom og ver med – fyll opp salen i Helgheim.

Dette er oversikten så langt.

Tekst/foto: Styret
Nett: Kristian Bringedal