Ein hjortejegar oppmodar alle som går tur i skog og mark om å bruka godt synlege klede, særleg no jakttida. Det kan vera gule vestar eller klede i raudt. Mange brukar jakker og bukser i grønt eller i kamuflasje fargar. Det er ikkje eit godt val no i jakttida. Hjortejakta er i full gang med stor aktivitet i alle jaktvalda i Uskedalen. No er det alltid slik at jegeren har det fulle ansvaret for vera sikker på kva det vert skote på. Frå tid til anna skjer det ulukker på grunn av mistydingar og feilvurderingar. Det er også tid for sauesamling, noko som gjer at det er meir folk i fjellet enn elles. Difor: Kle deg synleg.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal