Eg lure på, dåke politikarar frå Høgre og Ap; Har desse to partia ei partipiske – eller har dåke som representantar i utval, formannskap og kommunestyre, høve til å stemme etter dykkar eiga, personlege overtyding ?


Om dåke finn å “tre ut av rekkene”, vil dåke då kunne bli straffa ifht ikkje å få støtte for eventuelle eigne interesser – eller saker ? Som politikarar, så har dåke ein stor og utruleg viktig jobb for innbyggarane.  Og den kommunale administrasjonen sit med ei utruleg stor makt. Både rollemakt, kunnskapsmakt og nettverksmakt. Det skal –  særleg for enno lite erfarne politikarar, personleg styrke til for å stå imot administrasjonen sine ønske.


Det hadde vore kjekt om dåke frå AP og Høgre (evt også andre) kan kommentere under her, og opplyse oss om det eg spør om.
Mvh Møyfrid Kristoffersen Tlf 90606517

Tekst: Møyfrid Kristoffersen
Nett: Kristian Bringedal