I dag fyller den markante bygdamannen Kristian Olav Bringedal 70 år.  Uskedalen.no fann det då naturleg å heidra den trufaste bidragsytaren med ein song.  Med jubilanten si store historiske og maritime interesse blei valget å byggja opp sangen med utgangspunkt frå melodien til «D/S Fanaraaken». Denne songen er blitt gjort kjent i Kvinnherad av gruppa «Rustne Menn» som Bringedal er medlem av. Innhaldet i songteksten blir supplert med bilde og bildetekstar nedst i saka.
Uskedalen.no oppfordrar folk, som ønskjer det, til å heidra den sentrale bygdamannen på dagen hans med å syngja songen i kvar sin heim.  Dersom de ikkje kjenner tonen, får hjelp ved å lytta til «D/S Fanaraaken» her.

Kristian – 70 år , 20.06.21.

Kultur og målsak hand i hand,
det meste engasjerer han.
Han voks opp til bygdas fremste mann.
Sokneråd og ungdomslag,
opptatt av dei fleste fag,
vegen hans har vore interessann.

Refr.:
Gode, målmann Kristian,
du er bygdas beste mann.
Du er bindeledd i bygda vår.
Når vi spør, så veit vi svar.
Ikkje «Nei», «JA» er så klar.
Du vil alltid vera med på post.

Mange verv har det blitt
slike spørsmål får du titt
svarar ofte JA når andre spør.
Møte mest kvar enda dag
programmet ditt går slag i slag.
Til møta på sykkelen du trør.

Refr.:
Gode, JAmann Kristian…

Med song og trekkspel er du bra
«Rustne Menn» vil alle ha
på 10`ar, fest og på eldretun.
I kyrkja blir det mest kvartett
tenor i kor det syng du lett
du gleder oss med tonen din så lun.

Refr.:
Gode, «rustne» Kristian…..

Ut på tur i all slags ver
med Gunnlaug som du har så kjær
besøker de kvar sti frå sør til nord.
Om sommarn er du sjøens mann
når sola skin på stille vann
med kurs mot Skorpo er det då de ror.

Refr.:Gode, sjøulk Kristian…..

Kvar morgon må du tidleg opp
for bygdanytt mest utan stopp,
slike ting kjem ikkje av seg sjølv.
Då er godt å ha i vente
kaffistund med di elska jente,
meire verd enn både gull og sølv.

Refr.:
Gode, skrivar Kristian…….

Tenk no er du 70 år,
aktivumet går og går,
tempoet er alltid heilt på topp.
Du er heilt ustoppeleg,
positiv og hyggeleg,
derfor syng vi denne song for deg:

Refr.:
Gode, «unge» Kristian
Du er bygdas beste mann,
du er bindeledd i bygda vår.
Du er dyktig og mangfeldig,
vi er alle veldig heldig.
Vi får glede av alt det du sår.

Kjære, gode Kristian………

Kristian rundar 70 år, Børsdalsnissen, fødd som Torghusnissen, nærmar seg 50. Gjennom desse åra har han i samband med kvar jul gledd mange, både unge og eldre, både på skuleavslutningar, julegrantenningar, festar, private samkomer og på butikkar. Alltid like populær. Her ser vi han saman med ein flott nissefamilie på Dønhauglåven under ei juleavslutning for Uskedal skule for nokre år sidan. Foto: Privat.
Børsdalsnissen har venner frå svært mange nasjonar. Han er like populær blant muslimar, buddhistar og andre som han er blant oss. Det er julefestane til Integrering og opplæring det beste bevis på. På desse festane har besøket hans vore eit høgdepunkt i ein god del år no.
Kristian har vore ei drivkraft i oppbygging og drift av Haugland skulemuseum. Ein skuletime i god gammaldags stil er ei oppleving. Han har teke mot mange ulike grupper der. Mange skuleklassar, fast innslag på konfirmantjubileum, tilreisande og mange andre. Her viser han bilde av ein av dei første lærarane under eit elevbesøk. Er det Arne Stueland, tru?
Dei gode, gamle, kjære songane høyrer alltid med i desse skuletimane. Då styrer Kristian tonen frå det gamle trøorgelet.
Kristian har vore engasjert i arbeidet med Bygdetunet Rød frå starten. Frå 1985 stod han i spissen for museumsdagen som blei arrangert kvart år i 30 år. Programma var gode og varierte, alltid med gusteneste og ofte med utstilling slik vi ser på dette bildet. Her har han også tatt imot uttallige besøkande av ulikt slag både frå inn- og utland. Foto: Arkiv.
Her viser han fram jordmorskrinet etter jordmor Anna Myklebust som musèet har fått i gåve.
Kristian viser fram kvernhuset på Rødtunet og forklarer korleis dei gjorde då dei mol korn.
Bøkkerverkstaden nede ved sjøen på Rød har også Kristian sin store del av æra for. Her viser han besøkande ein tønnestav og foklarer korleis bøkkerane jobba då dei laga tønner. Bøkkerverkstaden har også blitt brukt både til faglege omvisningar og sosiale samkomer. Mest kjende er bøkkerkveldane med lubbesild, poteta, jazzmusikk, allsong, kåseri og anna program om sommaren. Den blei arrangert 21 gonger, og Kristian stod i bresjen kvar gong. Mange tilreisande var på besøk på bøkkeren og gjestene frå vennskapsbyen i Guatemala var der ein kveld i kvart besøk. Då fekk dei smaka på lubbesilda.
Kaien ved Bøkkerverkstaden er ein nydeleg plass i fint ver om sommaren. Her ser vi Kristian saman med lærarar og elevar frå vaksenopplæringa som avsluttar dagen etter kjekt opplegg på Rødtunet og Bøkkerverkstaden. Veldig interesserte og fornøgde.
Vi nemnde Guatemalabesøk og lubbesild. Då Kristian var med Kvinnheradsgruppa på gjenbesøk, hadde han med seg lubbesild. Her ser vi at han lærer ambassadør Lars Vågen korleis silda skal reinskast. Kristian ville sikra seg at dei skulle ha skikkeleg norsk tradisjonsmat på 17.mai. Foto: Ragnhild Røstbø
I Guatemala blei dei frakta rundt i denne pickupen. Foto: Ragnhild Røstbø.
Kristian var medforfattar av suksessboka om doktar Haugen. Han har også vore medforfattar i andre bøker og hefte. Kanskje kjem det også fleire bøker frå jubilanten? Tida vil visa. Foto: Solveig Hus.
Etter lærarskulen jobba han som lærar på folkehøgskulen på Halsnøy. Der har han og vore formann i det store elevlaget i ein mannsalder og vel så det. Seinare var han lærar og rektor i grunnskulen. Likevel er det som kultursjef i Kvinnherad kommune han sette mest spor etter seg. Han fekk verkeleg kulturområdet fram i lyset, og blei høgt akta for den jobben han gjorde. Her ser vi han saman med tidlegare ordførar Peder Sjo Slettebø då han var 17.mai-talar i Uskedalen for nokre år sidan.
Tekst, foto(der ikkje anna er nemnd) og nett: Thor I. Døssland