Til lukka med 70-årsdagen, Kristian!
I dag fyller den markante bygdamannen Kristian Olav Bringedal 70 år. Uskedalen.no fann det då naturleg å heidra den trufaste bidragsytaren med ein song. Med jubilanten si store historiske og maritime interesse blei valget å byggja opp sangen med utgangspunkt frå melodien til «D/S Fanaraaken». Denne songen er blitt gjort kjent i Kvinnherad av gruppa «Rustne Menn» som Bringedal er medlem av. Innhaldet i songteksten blir supplert med bilde og bildetekstar nedst i saka.
Uskedalen.no oppfordrar folk, som ønskjer det, til å heidra den sentrale bygdamannen på dagen hans med å syngja songen i kvar sin heim. Dersom de ikkje kjenner tonen, får hjelp ved å lytta til «D/S Fanaraaken» her.
Kristian – 70 år , 20.06.21.
Kultur og målsak hand i hand,
det meste engasjerer han.
Han voks opp til bygdas fremste mann.
Sokneråd og ungdomslag,
opptatt av dei fleste fag,
vegen hans har vore interessann.
Refr.:
Gode, målmann Kristian,
du er bygdas beste mann.
Du er bindeledd i bygda vår.
Når vi spør, så veit vi svar.
Ikkje «Nei», «JA» er så klar.
Du vil alltid vera med på post.
Mange verv har det blitt
slike spørsmål får du titt
svarar ofte JA når andre spør.
Møte mest kvar enda dag
programmet ditt går slag i slag.
Til møta på sykkelen du trør.
Refr.:
Gode, JAmann Kristian…
Med song og trekkspel er du bra
«Rustne Menn» vil alle ha
på 10`ar, fest og på eldretun.
I kyrkja blir det mest kvartett
tenor i kor det syng du lett
du gleder oss med tonen din så lun.
Refr.:
Gode, «rustne» Kristian…..
Ut på tur i all slags ver
med Gunnlaug som du har så kjær
besøker de kvar sti frå sør til nord.
Om sommarn er du sjøens mann
når sola skin på stille vann
med kurs mot Skorpo er det då de ror.
Refr.:Gode, sjøulk Kristian…..
Kvar morgon må du tidleg opp
for bygdanytt mest utan stopp,
slike ting kjem ikkje av seg sjølv.
Då er godt å ha i vente
kaffistund med di elska jente,
meire verd enn både gull og sølv.
Refr.:
Gode, skrivar Kristian…….
Tenk no er du 70 år,
aktivumet går og går,
tempoet er alltid heilt på topp.
Du er heilt ustoppeleg,
positiv og hyggeleg,
derfor syng vi denne song for deg:
Refr.:
Gode, «unge» Kristian
Du er bygdas beste mann,
du er bindeledd i bygda vår.
Du er dyktig og mangfeldig,
vi er alle veldig heldig.
Vi får glede av alt det du sår.
Kjære, gode Kristian………
Tekst, foto(der ikkje anna er nemnd) og nett: Thor I. Døssland