Tidenes garasje-/bruktsalg i Uskedalen til helga.
Lørdag og søndag kan vi gjera gode kjøp i Korsnes Nord.
Gjennom mange år har det blitt samla ein full stor garasje garasje i Korsnes Nord. Til helga skal mest mogeleg av dette seljast. No kan bilen ha håp om å få plassen sin etter mange år.
Blant det som garasjen husar, er det dei utrulegaste ting. Mykje av det må kallast flotte og verdfulle skattar. Der er masse flotte møblar, både gamle og nyare, antikvitetar av ymseslag, oppvaskmaskin og kjøkkenmaskinar. Det er svært mykje i både messing, kopar og tinn. Porselen av ettertrakta kvalitet er det også. Det er også eit utval av leiker, m.a. 2 bilbanar, ski og syklar, og i tillegg kan ein velja blant kåper og andre kle samt sko til festbruk. Ja, eg kan ikkje ramsa opp alt her. Eg anbefaler alle å ta ein tur og sjå kva som er å finna i det store teltet på gardsplassen, i dei to etasjane i garasjen og det som er for salg inne i hovudhuset. Kanskje finn de akkurat noko de har vore på jakt etter?
Betaling skjer ved bruk av vipps eller kontantar.
Salget startar kl.10 laurdag, og den nøyaktige adressa er Korsnes Nord 52. Det vil nok vera lurt å vera tidleg ute. Laurdag vil salget vera ope til kl. 16. Søndag opnar det kl.12 og stenger kl.16. Det er noko areal til parkering nede mot sjøen, men det kan henda at ein må pårekna å gå litt.
Vertskapet håpar på godt frammøte, koseleg stemning og at mange reiser fornøgde heim etter gode kjøp.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland