Tidebuss fekk bom stopp i Uskedalen.
Ein Tidebuss er parkert i busslomma ved bustadfeltet Halsane i Uskedalen. Bussen, som var i normal rute i går ettermiddag, fekk bom stopp. Det kom reperatørar til, men bussen står no på andre døgeret. Uskedalen.no kjenner ikkje til årsaka. Folk spør kva som skjer med bussen og vi avventar svar frå TIDE buss korleis problemet vert løyst.
Oppdatering: Bussen fekk motorhavari og er no frakta til Bergen med tungbilhengar for repareasjon.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal