TIDE sjåførar frå fleire land gjer ein innsats med hjelp til Ukraina.
Innsamlinga for ny hjelpesending til Ukraina held fram kvar laurdag fram til påske. Sist laurdag var fire TIDE sjåførar samla ved mottaket i Kvinnherad Vekstbedrift sine lokale i sentrum. Alle har vore og er med i det store arbeidet som vert gjort med innsamling og transport, nokre fleire gonger, andre ein gong. Innleverte varer vert grovt sorterte ut frå kva som er pakka i sekkene. Det kan vera kle, sko, sengeutstyr, pledd, teppe, madrasser og liggjeunderlag. Tørrmat og sanitærartiklar vert lagra i eige rom.
- Jakub Kadyjenski kjem frå Polen, frå byen Rzeszow ei mil frå grensa til Ukraina. Jakub bur på Husnes og tilsett som sjåfør i TIDE. Det var i byen til Jakub president Biden var nyleg då han mellom anna møtte amerikanske soldatar.
- Renaldas Panevezys kjem frå Litauen. Bur på Steinsletto i Uskedalen. Han er i dag bussjåfør i TIDE, avd. Kvinnherad. Før har han både vore drosjejåfør og køyrt langtransport , mellom anna i Oslo og på Kongsberg.
- Thor Arne Nygård er fast TIDE sjåfør. Han har vore med på turane og har dessutan vore med på innsamling og opplasting.
- Tormod Myklebust er den som har flest turar med hjelpesendingar, årlege turar sidan 2006.
I tilegg må vi ta med Leif Jarle Bergstø, mekanikar og TIDEsjåfør. Bergstø har vore med på fleire av turane.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal