Møt opp på “Heio” onsdag 13. og 20. september kl.17.30.

Mangeårig ansvarleg for idrettsmerketakinga i Uskedal idrettslag, Kjersti Bråtun, melder at det no er klart for årets runde med idrettsmerketaking. Det skjer på “Heio” to onsdagar i september, – 13. og 20.09. med oppmøte kl. 17.30.
Kjersti melder også om at dersom det er nokon det ikkje passar for desse to dagane, kan dei ta kontakt med henne på telefon 415 67 095 for å avtala tid. Ho håpar at mange er motiverte for å stilla opp for å ta idrettsmerket også i år.

tid