Kafe Tiaren kan syna til aktivitet sidan starten i 2007, bort sett frå vel eit års pause med Covid. Ikkje nok med at 24 frivillige pluss vikarane gjer kafeteneste 8. kvar veke heile året. Kafe Tiaren må vera noko utanom det vanlege. Dei har nemleg eige kafeband. Rustne Menn, som stiller opp med allsong ein gong i månaden og elles på festar og sosiale tilstellingar. Tiaren må såleis vera av dei få i landet som kan skilta med eige kafeband. Uskedal Musikklag er vikarband nokre gonger i året.





Eit av tre bord med frivillige på Kafe Tiaren.

Den årlege frivilligfesten i kveld var vellukka med godt frammøte og gode ord frå leiinga i Uskedal utvikling ved Gunn Mari Moberg. Berit Harriet Døssland og Selma Eik er truleg dei einaste som har vore med sidan skipingsmøte onsdag 12. september 2007. Alle fekk turnuslister for vårhalvåret. I 2024 er det komne til nokre nye. I kveld fekk alle blom for eit flott frivillig arbeid i bygda, sosialt og kulturelt.

F.v: Britt Jorunn Arnesen, Olaga Sunde, Jan Erik Olsson og Liv Hansen.

Maten i kveld var levert frå Kvinnherad Vekstbedrift sitt produksjonskjøken. Allsongen leia av To Rustne menn bar preg av at det nærmar seg jul. Dei la like godt inn ei øvingsøkt. Norsk Juleslame med tekst og melodi av Trygve Hoff. Framføring komande tysdag på Kafe Tiaren.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal