Alle veit kva dette handlar om, hjelp til innbyggjarane i Ukraina, endå ein gong. I februar  dette året er det 4 år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. Denne vinteren er iskald for landet på alle måtar. Trailaren til THK-stiftelsen er no på veg austover for andre gong etter nyttår. Med på lasset har dei bl.a. ein 200 kva stor generator frå Fatland Ølen AS.  På den fyrste turen sende vi 2 kabeltromlar frå kommunen her. Hjelpa kjem fram. På lageret i Uskedalen kjem det inn sekker og utstyr langs med. 

THK traileren har alt vore to turar i 2026 til Ukraina med hjelpesendingar.

Tysdag etter Påske, den 7. april, kjem trailaren til Kvinnherad og hentar det som er samla inn. To lokale sjåførar, som har vore på mange turar før, køyrer 9. april til Ukraina med lasset. 

Vi er så frimodige at vi bed om hjelp, endå ein gong, for å fylla opp trailaren. I mars kjem vi til å ha ope lager ein times tid kvar laurdag. Fram til då kan du ringa 97147851 for avtale om levering.  

Sendinga går som før til Zjytomyr oblast (fylke) med byen Korosten som mottakar. Dei har eit offentleg godkjent mottakar apparat for naudhjelp, og distribuerar  i eit stort område. Dei har heile tida sendingar til krigsområda. 

Sjåførane frå Uskedalen

Vi er takksame for bidrag, også frå industrien, fysiske gåver elle frakt støtte.  

For THK-stiftelsen i Kvinnherad, Tormod Myklebust. 

Tekst: Tormod Myklebust
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal