Det er snart eit år sidan den dramatiske brannen på Eikelandet Brygge der eit husvære vart totalskadd. Sterk innsats frå brannvernet og ideellle vertilhøve hindra at brannen spreidde seg til nabohusa. No er nytt hus reist på tomta og om alt går etter planen, kan det vera snakk om ferdigstilling og innflytting til påske. Geir Rusten i Sandvoll Entreprenør er godt nøgd med framdrifta. Det gjekk litt trekt ei stund, men det skuldast mykje pandemien og nedstenging av samfunnet.

To til fire mann er i arbeid med alt treverk. No går det i isolering og innreiingsarbeid. Kvinnherad Elektro har elektrisk installasjon. Det er kablar i alle golv. Into Røyr er stort sett ferdig med røyrarbeidet.

Det er utført arbeid på den skada kaien. Nokre mindre skader på nabohuset er utbetra.

Uskedalen.no er kjend med at det også føreligg byggesøknad på nabotomta på yttersida. Eit eldre sjøhus gjekk med i brannen. Dersom alt går etter planen, kan her koma eit estetisk vakkert hyttenaust.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal