Terje Bakke - noregsmeister i bogeskyting individuelt.
Terje Bakke frå Uskedalen, bur på Sunde, vann gullfinalen i NM i bogeskyting individuelt. Han låg på andreplassen etter kvalifiseringa. Atle Helland låg på fjerdeplassen. Begge skaut seg fram til gullfinalen. Terje vann klart og kan titulera seg som noregsmeister. Han fekk også forbundet sin pokal i klassen tradisjonell boge utan sikte. Atle Helland fekk sølvmedaljen. Tilsaman seks skyttarar frå Kvinnherad Bogeskyttarklubb var med i NM, som var arrangert på Land sist helg.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto