Terje Bakke er nominert til Årets namn 2021.
Terje Bakke frå Uskedalen er kandidat til å bli Årets namn 2021. Det er Grenda som for 12. gong let lesarane vera med på kåringa ved å gje si stemme til ein av ti nominerte personar eller grupper. Bakke er bogeskyttar på nasjonalt og internasjonalt nivå. Han er fast medlem på bogeskyttarlandslaget. I september gjekk han til topps i EM i 3D skyting i Slovenia. Dermed fekk Uskedalen sin fyrste europameister. Les meir kva du gjer for å røysta på Terje Bakke:
- Bruk e-post: post@grenda.no
- Bruk telefon: 53 48 71 00 i Grenda si opningstid kl. 08.30 – 15.30
- Bruk skjema på Grenda si heimeside eller skjema i papiravisa
- Stikk innom redaksjonen i Skålagato og snakk med tilsette i avisa
Frist for å røysta: 28. desember kl. 09.00
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto